lirik lagu odd nordstoga – alt slik det var laga
[verse 1]
her er skogen
her er stien
her er fura stor og feit
her er duva som har brevet
her er reven som allting veit
her er myra
her er molta
her er songen frå ein bekk
her er ugla som har svaret
på det du gløymde vekk
[chorus]
her er alt det som du minnest
i din fot og i di hand
som du gløymde då du ivrig
gjennom tidene for fram
her er alt slik det var laga
då du ein gong kom i land
[verse 2]
her er blomar
her er enga
her er stein og her er jord
her er elgen borti kanten
var det den du såg i fjor?
her er fjellet opp mot himmelen
det er for tungt og stort for ord
men det er dit du snur ditt auga
for det er der at lengten gror
[bridge]
her er alt og alt er heime
knytt ihop med skøyre band
og dei før deg dei for stille
når dei gjennom her for fram
[outro]
her er alt slik det var laga
då du ein gong kom i land
her er alt slik det var laga
då du ein gong kom i land
her er alt slik det var laga
då du ein gong kom i land
her er alt slik det var laga
då du ein gong kom i land
you might also like
Lirik lagu lainnya:
- lirik lagu tom the mail man – •you’re the one i like now•
- lirik lagu kaybaehbk – bring it out
- lirik lagu amari – never knew you
- lirik lagu horsegiirl – starsiigns
- lirik lagu bxb love – losers
- lirik lagu sirati dharma – the end
- lirik lagu two white cranes – walls
- lirik lagu xoureldin – semom | سموم
- lirik lagu 04sam – in his face
- lirik lagu rasmus gozzi – vi ska röka weed