lirik.web.id
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9 #

lirik lagu blodsmak – rosa mi rosa

Loading...

[vers 1]
rosa mi rosa, må du med ham fare?
rosa mi rosa, vegen han er tung
rosa mi rosa, du treng ikkje forklare
han har familie og pengar i sin pung

[pre-chorus]
far din har signa dykk, mor di felt ei tåre
tre varme sumardygn til bryllaupet skal stå
rosa mi rosa, høyr verdas største dåre
ropar i avmakt, ikkje gå !

[chorus]
eg står einsam med sjela i neven
totalt overgjeven, eit skal av ein mann
sjå meg krype på blodskrapa kne
eg tryglar og ber deg
å rosa ta meg med

[vers 2]
rosa, mi rosa, du tok mitt sprukne hjarte
bar det som liv under skjøre fugleveng
rosa mi rosa, du fekk det ingen klarte
mitt liv for ditt kjærteikn, mitt rike for di seng

[pre-chorus 2]
rosa rosa lat meg sjå deg dansa
her under måneljos syng eg mi song
rosa mi rosa du spiddar meg med lansar
gje meg av heile deg for siste gong

[chorus]

[solo]

[chorus]
eg står einsam med sjela i neven
totalt overgjeven, eit vrak av ein mann
sjå meg trygla på blodskrapa kne
eg nødar og ber deg
å rosa gje meg fred!


Lirik lagu lainnya:

LIRIK YANG LAGI HITS MINGGU INI

Loading...