lirik.web.id
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9 #

lirik lagu blodsmak – min beste ven

Loading...

[vers 1]
kvelden var heit vi var fri
festen var grom rosa var mi
eit lite smil, det syntes knapt
men i eit sukk var eg fortapt
himmelen lo og natta song
eg har angra gong på gong
minna er alt eg har igjen
frå natta eg mista min beste venn

[vers 2]
rosa var blid musikken gild
midja var smal dansen var vill
eg gjekk mi veg ei lita stund
der var du med smil om munn
himmelen stilna nattas song
eg ser det for meg nok ein gong
du tok ho med, eg vart igjen
den natta eg hata min beste venn

[chorus]
min beste venn

[vers 3]
skogen var djup rosa var blyg
skjemten vart alvor leiken vart dryg
du braut deg på, vill av begjær
ho skreik men eg var ikkje der
himmelen veit og natta så
dei minna eg aldri kjem ifrå
heile skogen sto i spenn
den natta eg fann min beste venn

[chorus]
min beste venn

[spoken bridge]
i det du ber ditt fadervår, gløym aldri desse ord
tida ho legar inga sår men ho slettar alle spor

[solo]

[vers 4]
pulsen var høg kniven var kv-ss
halsen vart delt blikket vart glas
blodet rant varmt og svart i jord
og eg kviskra desse ord:
”tenk at eg kalla deg min venn
kvar enn du er, eg vonar at du brenn”
men håp vil eg aldri meire kjenne
etter natta eg drap min beste venn

[chorus]
min beste venn


Lirik lagu lainnya:

LIRIK YANG LAGI HITS MINGGU INI

Loading...