lirik.web.id
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9 #

lirik lagu blodsmak – høyrde me skål?

Loading...

[vers 1]
15 mann rundt daud manns kiste
ei overflod av sprit
vi har inga tid å miste
så takk for at de kom hit

drikk no, barbarar og skamlause svin
drikk som om havet var laga av vin
drikk for dei englar som drog heim i natt
og for jævlane som vart att

[chorus]
høyrde me skål?
høyrde me skål
ta ein tår for dei som ramla i frå
flammen skin sterkast når ljoset brenn ned
vi håpar at dei finn fred
uti det blå
høyrde me skål?

[vers 2]
festen var durabeleg
men du fann inga ro
du sa aldri takk for deg
og ingen såg du drog

var ikkje selskapet godt nok for deg?
måtte du verkeleg gje deg i veg?
kunne du ikkje ha venta ei stund?
blitt hos oss nok eit sekund?

og tatt deg ei skål
tatt deg ei skål
vi hadde det så gildt kvifor måtte du gå?
natta er mørkast før morgonen gryr
og dagen din vart ryr
kva tenkte du på
høyrde me skål?

[bridge]
ingen ante kva du streva med
at det var for mykje å leva med

[solo]

[chorus]
høyrde me skål?
høyrde me skål
ta ein tår for han som ramla i frå
flammen skin sterkast når ljoset brenn ned
vi håpar at han finn fred
uti det blå
hørde me skål?
skål
vi tar oss ei skål


Lirik lagu lainnya:

LIRIK YANG LAGI HITS MINGGU INI

Loading...