lirik.web.id
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9 #

lirik lagu vinjefolk - etter ein rangel/fitakaleerie

Loading...

i morgon vil eg byrja på eit nytt og betre liv
~trur eg
eg skal aldri gå på fylla meir og skjera folk med kniv
~trur eg
eg skal aldri skråla visar meir i laddevinsrus
men synge åndelege sanger i zions bedehus
~trur eg
alle kvinnfolk som eg møtar skal eg sky som bare fan
~trur eg
og gå vyrdeleg forbi dei som ein nybakt kappelan
~trur eg
eg skal sitte som ein munk i ein misjonskone~ring
og drikka kaffe medan drøset går om andelege ting
~trur eg
dеt skal ingen meir få sjå meg når dеt lir til høgste natt
~trur eg
koma ruslande på heimveg utan stivety og hatt
~trur eg
eg skal legga meg når grisen går til kvile i sitt bol
og stå opp når hanen flakser og gjel i morgonsol
~trur eg
ja, i morgon skal eg byrja på den gode veg som sagt
~trur eg
taka striden upp mot kjøtet og den heile develsmakt
~trur eg
men i dag lyt det få vera, for eg er so spøkje tyrst
at eg må ha eit ølkrus til å leska meg på fyrst
~trur eg


Lirik lagu lainnya:

LIRIK YANG LAGI HITS MINGGU INI

Loading...