lirik lagu kalandra - segla
[verse 1]
ho ferdest ut mot havet
stormen fylgjer på
regnet stryk mot kinna
men ingen her kan sjå
at under yverflata
druknar ho eit kor
sjølv om ho kan høyra kvart eit ord
ho talar med dei vonde
gøymd under torevêr
ingi sjel fær sjå no
kva det er ho ser
og ingen når å finna
henne der ho er
ho døl ljoset rundt seg når ho fer
stundom er ho faren langt frå her
ho ser eit rom i verdi
for dei som ei slår rot
inkje er for mykje
havеt tek imot
kan henda ein må lеva
med stormen slik han er
for han vil fylgja med deg der du fer
ho lyt segla sjølv om der er skjer
når du stend i stormen vert du blind
men ein kan ikkje segla utan vind
aah aah
rett under yverflata
kan ingen sjå du gret
du seglar ut på havet
ingen kan høyra deg
rett under yverflata
kan ingen sjå du gret
du seglar ut på havet
ingen kan høyra deg
Lirik lagu lainnya:
- lirik lagu jack relix - influences
- lirik lagu aerozen & lil alex - krazy shit
- lirik lagu oldelaf - saint-valentin
- lirik lagu asteria - death row
- lirik lagu cayo banks - kush w da beans - remix
- lirik lagu mind bomb - segue
- lirik lagu lil kori - beautiful day
- lirik lagu simentera - homi
- lirik lagu maddie & tae - one hit wonders
- lirik lagu xero (artist) - cyborg