lirik lagu gåte - isdalskvinna
[tekst til “isdalskvinna”]
[vers 1]
det spørs ei gåte omkring ei kvinne
som var i isdalen daud å finne
der vonde minne er grodde inne
eit lik av jente så kvesta kverka
imellom steinar låg brennemerka
det var så bannlyst det heile verka
kven var den døde og røyselagde?
som så med spora og opphav tagde
og aldri namnet sitt likeins sagde
[refreng]
gud hjelpe sjeler
som herom fer
kring svartediket
der dauden er
der dauden er
[vers 2]
var ho ein flyktning frå sjølve livet
som ikkje ville ha noko skrive?
den dag ho måtte til dauden trive
for lygn og sanning har kvar sin måte
for isdalkvinna har ingen gråte
for einkvar grundar me på ei gåte
[refreng]
gud hjelpe sjeler
som herom fer
kring svartediket
der dauden er
gud hjelpe sjeler
som herom fer
kring svartediket
der dauden er
der dauden er
[outro]
for lygn og sanning har kvar sin måte
for isdalkvinna har ingen gråte
og alle er me vår eiga gåte
Lirik lagu lainnya:
- lirik lagu bashfortheworld - king of the hill
- lirik lagu cyupercah - male starter pack
- lirik lagu mola oddity - mola
- lirik lagu badmeave - emogoth
- lirik lagu datblygu - am
- lirik lagu brantley gilbert - off the rails
- lirik lagu slayter & pressure 9x19 - screenshot
- lirik lagu brittany davis - heart strings
- lirik lagu dra. (rus) - unseen
- lirik lagu cosmo talib - country music freestyle