
lirik lagu eving voit - bonden
[vers 1]
ein so plantar korn på åker
ein med dyr i fjøs og fjord
eit par geiter ute å beitar
eit par frø i dyrka jord
sel vel på nokre dagar
andre ikkje like so
då lyt ein berre halda på
for frøa lyt ein så
[refreng]
det ein dyrkar dag og natt
fôrar heile norden
det so sel i kvar ein bod
det kjem frå bonden
[vers 2]
på markedet er krigen
der er våpenkvilda daud
lat oss prisa monopolet
so set sin pris på sau
nepotismen stor og sterk
han er kaksens skaparverk
ein kan strеva, so vidt leva
eller bli med i dеira herk
[refreng]
det ein dyrkar dag og natt
fôrar heile norden
det so sel i kvar ein bod
det kjem frå bonden
[keyboard~solo]
[vers 3]
og når dagen takkar for seg
og natta kjem igjen
vil ein ikkje ha ei krone
til sitt namn og i sin heim
du vil ikkje kunne seia mot
når verda er på veg
for på døra di står markedet
og bankar skiten ut av deg
[refreng]
ein kan dyrka dag og natt
for å fôra heile norden
men du misser nok din jobb
ingen grunn til å stå opp
for det ein dyrkar dag og natt
vil ikkje lenger halda
for å setja mat på bord
heime hos bonden
Lirik lagu lainnya:
- lirik lagu chriz amaya - prada
- lirik lagu rodmany & megamotya - slay
- lirik lagu delta v - in fuga
- lirik lagu eyedress - money makes me feel alright (a million pounds)
- lirik lagu david oke a.g.s - the blood still works
- lirik lagu banda trio forronejo - castelo de sonhos
- lirik lagu ichiro yamazaki - arigato
- lirik lagu big ocean - attention
- lirik lagu miss fortune - gravity’s rainbow
- lirik lagu khofash - rasayel