lirik.web.id
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9 #

lirik lagu edvard grieg - ved rundarne

Loading...

no ser eg atter slike fjell og dalar
som dei eg i min fyrste ungdom såg
og same vind den heite panna svalar;
og gullet ligg på snjo, som før det låg
det er eit barnemål, som til meg talar
og gjer meg tankefull, men endå fjåg
med ungdomsminne er den tala blanda:
det strøymer på meg, so eg knapt kan anda

ja livet strøymer på meg, som det strøymde
når under snjo eg såg det grøne strå
eg drøymer no, som før eg alltid drøymde
når slike fjell eg såg i lufti blå
eg gløymer dagsens strid, som før eg gløymde
når eg mot kveld av sol ein glimt fekk sjå
eg finner vel eit hus, som vil meg hysa
når soli heim til natti vil meg lysa


Lirik lagu lainnya:

LIRIK YANG LAGI HITS MINGGU INI

Loading...